tirsdag 4. mars 2014

Bli bedre kjent med Arild


-Navn: 
Arild Hafstad

-Stilling: 
Treningsveileder, personlig trenar og no også gruppetreningsinstruktør.

-Hvor lenge har du jobbet i SiT?
Sidan hausten 2009.

-En dag på jobb fra A-Å: 
Treningsveilederarbeidet starta som regel med vedlikehold av ulike slag i eit av styrkeromma. Vidare går treningsveilederarbeidet ut på å lage treningsprogram til dei som har lyst på det, og veilede i teknikk i ulike styrkeøvelsar.
Personleg trenar arbeidet er ei mykje tettare oppfølging av kundane, og går i hovudsak ut på å motivere til og hjelpe personar med å nå sine treningsmål.

- Hva synes du er det beste med jobben din?
Å få jobb med trening er veldig kjekt. Hjelpe ulike individ med ulike målsettingar å nå sine mål er motiverande og lærerikt. Det er heller ikkje noko minus at det er mange dyktige og hyggelige kollegaer i SiT idrett.

- Hva liker du å trene?
Går for det meste i styrketrening og volleyball. Sandvolleyball er favoritten, men det får eg berre utøvd 3-4 månar i året.

- Hva motiverer deg til å dra på trening, når det eneste som frister er sofaen? 
Freistar ikkje med sofaen om eg ikkje har trena først! Handla i stor grad om å berre bestemme seg for at treninga skal gjennomførast.

- Og hvordan motiverer du andre til å starte med trening eller opprettholde gode treningsrutiner?
Finn glede i treninga, og ha konkrete mål å jobbe mot. Ein aktivitet som ein trivast med er veldig viktig, men samtidig ikkje vær redd for å prøve nye treningsformer.

Hva er din favoritt spinning-/gruppetime? 
Skal ikkje skryte på meg at eg er nokon gruppetimeentusiast. Likar best eigentrening. Men no har eg blitt Stærk-instruktør sjølv, så får vi sjå om interessa auka. Har klart å gå på time ein gong, og det var Trine sin spinning. Ho har bra musikk og eit levande vesen, så skal ikkje sjå vekk i frå at eg tar meg ein tur igjen ein gong i framtida!

- Utdannelse: 
Bachelor og master i Bevegelsesvitenskap, og Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

- Hva gjør du på fritiden?
Trena mest. Utanom da syns eg det er kjekt med quiz.

- Beste treningsmusikk, og har du en yndlingslåt for øyeblikket? Noko tungt utan at det blir berre skriking. Metallica eller Prodigy til dømes. Er litt hekta på gruppa Kvelertak for augeblikket, så sangane «Mjød» eller «Kvelertak» dukkar nok opp på Stærk-timen min!

- Ukens spørsmål: Hvor i verden vil du dra neste gang du skal reise, og hvorfor? Ein plass det er varmt. Gjerne Asia.

- Personlig hilsenSett små delmål og gjennomfør dei! Ta deg tida til å trene, trenge ikkje være lange økta, uansett kor mykje anna arbeid du skulle fått gjort. Det vil du få igjen for både gjennom bedre helse, og eit friskare og meir opplagt sinn :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar