mandag 11. februar 2013

Ukens ansatt; Ingrid



Navn:
Ingrid Een Eide

Stilling:

Spinningistruktør(hipphurra!) og resepsjonist


Hvor lenge har du jobbet i SiT?
Begynte som resepsjonist på Dragvoll i januar 2012 og har sidan jobba fast på alle tre sentera. I år er eg også spinninginstruktør! :D


Hva er arbeidsoppgavene dine?

Når eg sit i resepsjonen seier eg hei-hallo, passer eg på at alle har med seg kortet sitt på trening, rydder litt, sel medlemskap og hengelåsar, og ca 800 kaffikoppar til trøtte studentar på Dragvoll. 

Eg har også Spin2 på Dragvoll kl 19.30 mandagar og Spin1 på Portalen 17.15 onsdagar. Som spinninginstruktør prøver eg å lage gode og kjekke program før timen og motivere til å gi det lille ekstra under timen, i håp om at deltakarane får utvikle treningsglede! Eg jobber for at deltakarane skal trivast og set derfor VELDIG stor pris på tilbakemelding etter timen. Spesielt viktig er det å veta kva du ikkje synst er kjekt/bra!

Hva synes du er det beste med jobben din?

Ai ai, det er vanskeleg å velgja…! Først må alle dei fantastiske kollegaene mine nemnast; *hugleik til dykk alle! <3*. I tillegg finn eg mykje hygge i å prata med kundane våre og ikkje minst spre treningsglede. Det er kjekt å sjå at folk trivst hos oss! Så det må spesielt nemnast at eg gleder meg som ein liten unge til å ha kvar einaste spinningtime! Kjære alle dåke; eg digge dåke! ;)


Hva liker du å trene?
Trening kjem i mange former og eg liker dei alle! Nesten. Men spinning er GØY!, ymse anna kondisjonstrening og saltimar er GØY!, styrke er GØY!


Utdannelse:

Har bachelor i Idrett- og Samfunnsvitenskap. Og når eg blir stor skal eg bli sjukepleiar i spesialisthelsetjenesta. Hurra! 


Interesser:

Trening er ein vesentleg del av kvardagen min, så då blir eg svolten og synst heldigvis det er kjekt å laga mat. Har ellers ein elsk for volleyball, både inne og ute, reisa, vera ute i frisk (fjell)luft og rasa av gårde på sykkelen min. Og så syr eg eit par sømmar i ny og ne, og strikkar. Mykje…! 


Beste treningslåt/musikk:
Alt frå rock til dubstep! Eg klarer disverre ikkje å velgja ut ein artist, og heller ikkje ein sjanger, for alt til sin tid og humør. Men fellestrekk for mykje av musikken, eg ufrivillig ofte deler med andre takka Koss-headsettet mitt, er god rytme. Eg MÅ ha ein god «beat», så for tida er eg main stream og har Thrift Shop – Macklemore feat Ryan Lewis på repeat.. Etter trening er det derimot godt å setja på ein fin melodi som «kosar meg i øyra».


Personlig hilsen:

Et skjeva di og gjer ting som gjer deg glad og tilfreds 
Håper eg ser deg på trening! – for du er hjartans velkomen!


Og har du ikkje prøvd spinning før? Gjer det! Bare gjer det…!

1 kommentar:

  1. Du e herlig Ingrid!! :)
    Må setta av tid te å spinna me dg snart;)

    SvarSlett