tirsdag 20. mars 2012

Toretters middag på ein heilt vanleg kvardag

Så er det på tide med eit aldri så lite middagstips igjen, denne gongen med dessert. Begge rettar ganske så sunne, det er trass alt berre tysdag. Me kan vel alle verta flinkare til å eta meir fisk. Eg veit iallfall at i mi leilighet er det ikkje fisk på bordet tre gonger i veka, men det burde det kanskje...Nok ei gong prøvar eg meg på ein rett som skal vera sunn, enkel og rask å laga. På menyen i dag: sei i lauk- og paprikasaus, etterfulgt av fruktsalat med youghurt. Det perfekte måltid etter ei skikkeleg treningsøkt.
Kutt opp ein paprika og ein lauk. Bruk forklede, så slepp du gris og søl på gensaren din. Dessutan får du den skikkelege masterchef-kjensla.

Surr lauk og paprika i litt smør, til lauken er blank og fin. Deretter strør du over to matskeier med mjøl, og rør godt rundt.
Så sper du på med 2 dl vatn og 2 dl matfløyte. Litt og litt om gongen, pass på å røra godt. Tilset ein fiskebuljongterning og la det koka opp. Vert det for tjukt, sper du på med litt meir vatn eller fløyte.
Til slutt legg du oppi seien ( eller torsk om du vil), og lar det heile trekka i ca 10 minutt. Rør litt rundt av og til, slik at sausen ikkje svir seg.

Så passar du på å ha ein god kjøkkenlakei, som kan dekka bord, laga salat og koka ris. Då vert det så koseleg som dette her.
Det skal nemnast at eg aldri har laga denne retten før, men det gjekk veldig fint og det vart faktisk veldig godt om eg kan seia det sjølv.

 Hugs at du ikkje er ferdig før oppvasken er tatt, men det kan jammen vera triveleg det og.

Den som ikkje vaskar opp kan ligga på sofaen og nyta kunsten på veggen. Slik får ein jobba opp nok svolt til desserten.

 Du tek for eksempel bananer, blå druer, appelsiner, epler og ein annanas, kuttar det opp...
 ...og du endar opp med denne lekre saken. Strø over rosiner og aus på litt vaniljeyoughurt, og du har ein vinnar. Så inviterer du Aina og Hans Petter på besøk, og de kosar dykk glugg i hjel. Dersom du ikkje kjenner dei, kan du invitera nokon andre. Det går forresten an å eta alt sjølv og.

Klar - ferdig - kok!

Kjersti

5 kommentarer:

  1. Du er så herlig flink til å spre glede gjennom innleggene dine Kjersti! Jeg digger dem!

    SvarSlett
  2. Så bra Kjersti:) Den skal eg testa!! Synd de bur litt langt unna for å koma på dessert... Drammensbesøk snart??;)

    SvarSlett
  3. Du skriver så bra - og veldig morsomt! Og den fiskemiddagen skal jeg absolutt prøve å lage - kanskje når jeg kommer hjem til påske :) Da får jeg også bruke pappas forkle, og kan dermed føle meg som en ekte masterchef - diggbart! Hihi :P

    SvarSlett
  4. Hihi! Den fiskeoppskrifta hugsar eg frå "Frå bollar til burritos"- boka me brukte i heimkunnskapen i 9.ande for uendeleg mange år sidan! *nostalgi*

    SvarSlett