søndag 11. mars 2012

"Hjemme hos" spinninginstruktør Anders

Anders tek imot besøket med opne armar.
Mange har kanskje lurt på korleis ein typisk SiT-instruktør har det heima? For min del tok nysgjerrigheten overhånd, og eg bestemte meg for å finna ut litt meir om ein av våre ansatte. SiT-bloggen tok difor turen til Møllenberg ein heilt vanleg laurdag, for å laga ein klassisk "hjemme hos"-reportasje.

Tidleg kvar torsdagsmorgonen, nærmare bestemt 07.15, kan du gå på spinning på Portalen om du vil. Der vil du bli piska fram av den autoritære, men blide spinninginstruktøren Anders. Han har ikkje jobba så lenge i SiT Idrett endå, men har alt hatt mange spinningtimar. Anders er vekas ansatt, og det er absolutt på tide at me får vita litt meir om denne mystiske vossingen.

Eit steinkast frå Portalen, finn me leiligheita til Anders og sambuaren Synne. Midt i smørauga for alle som er festglade og støy-interessert. Kanskje ikkje like heldig for dei som skal tidleg opp på spinningtime. Anders har likevel sin eigen teknikk for å få bukt med problemet. Det er rett og slett berre å kle seg opp i festkle, gå til festbula og gli inn i mengden, før ein dreg ut kontakten på stereoanlegget. Enkelt og greit, og virkar kvar gong, skal me tru Anders.

Spinning-Anders viste seg frå si huslege sida, og diska opp med mykje godsaker på ein laurdagskveld. Er det helg så er det helg. Me vert einige om at viss me fyrst skal eta usunt, så gjer me det skikkeleg.
Som ein kan sjå minkar det raskare på kakefatet enn på fruktfatet, men til slutt vart det meste tomt. Alle som trenar veit kor viktig det er å fylla opp energilagra.



Anders viser oss korleis ein lett kan forbrenna nokre kaloriar heime i stova. Her i heimen er det ikkje mangel på treningssutstyr, det likar me.
Gangen avslørar at her er me på besøk hjå eit aktivt par. Trening- og friluftslivsutstyr heng frå golv til tak.

Me kastar eit blikk bort på skrivepulten, og oppdagar manuskriptet til Anders sin spinningtime. Me noterer oss grundig forarbeid, noko som resulterer i gruppetime med høg kvalitet.


Vis meg ditt kjøleskåp, og me finn... Ganske så riktig, her finn me timeplanen til SiT Idrett. Me vert så nøgd, at me heilt gløymer å sjå inni kjøleskåpet.

På kjøkkenet noterer me oss ein del oppvask, men det får passera når me ser kor flink Anders er til å få i seg drikka når han trenar. Skal tru om alle desse drikkeflaskene har ein tilhøyrande sykkel?

Det viser det seg at dei har. Ein spinninginstruktør og aktiv syklist har ikkje berre ein sykkel. I kjellaren har Anders sin lille verkstad, der han skrur og mekkar på syklar, ski og anna utstyr. SiT Idrett sin nye instruktør er nemleg ein aldri så liten Reodor Felgen, og det kjem alltid godt med.

Kva har me så lært om den typiske SiT-instruktøren?
- han er oppteken av trening og aktivitet.
- han har orden i utstyret sitt.
- han veit å skilja mellom kvardag og helg, men passar på å servera eit sunt alternativ i tillegg til helgekosen.
- han gjer grundig forarbeid, og lar ikkje noko vera opp til tilfeldigheitane når det gjeld gruppetimane.

SiT-bloggen vart godt tatt i mot på sitt aller fyrste heimabesøk. Anders med sambuar besto med glans, og "hjemme hos" gav absolutt meirsmak. Ingen ansatte bør føla seg trygge.


Kjersti

2 kommentarer:

  1. Haha, så morsomt! :) Kjempespennede å se hvordan folk har det hjemme hos seg! Og så mye spinningutstyr da!

    SvarSlett
  2. Kjempeartig artikkel! Eg likte å få eit innblikk i korleis andre har det, og at det vert skreve på nynorsk. Stå på vidare med desse typar artiklar!

    SvarSlett