tirsdag 29. november 2011

Kjersti gjer ting ho ikkje kan


Optimist!
 Eg er for ein veteran å rekna hjå SiT Idrett. Karriera starta som instruktør i styrketrening og spinning, og etterkvart vart eg både resepsjonist og treningsveiledar. Dette skulle bli sju år til saman, med andre ord heile studietida og vèl så det. På eitt område er eg derimot heilt uerfaren - aerobic. Alt som har med aerobic og elles gruppetimar i sal å gjera, er for meg heilt framand. Eg innrømmer det, til trass for at eg jobbar på treningssenter, så er eg ein utetrenande. Dersom eg trenar inne så er det i styrkerommet, aldri i aerobicsalen. Eg fann ut at dette var det på tide å gjera noko med. Det er heilt sikkert fleire enn meg som lurar på kva desse gruppetimane eigentleg går ut på. Eg bestemte meg for å fri meg for alle fordommar, og utfordra meg sjølv til å kryssa nokre grenser. I løpet av ei veka deltok eg og to trufaste likesinna på zumba, corebar, bosupuls, yoga og pulsstep Bli med og opplev mitt møte med gruppetimar hjå SiT Idrett.

Zumba


Ikkje heilt einig med resten av gjengen...
Så er det klart for vår aller fyrste zumbatime. Dette er spanande og skummelt på ei gong. Magnhild og eg kan ikkje dansa. Det vil seia, me likar å tru at me kan dansa slik som Frikar gjer når Alexander Rybak syng ”Fairytale”. Etter ein liten diskusjon bestemmer me oss for at folkedansen ikkje passar til zumbarytmane. Me stiller oss bakerst i salen.

 Frå fyrste dansesteg vert det klart for meg at her er det kun eg og ”my wingwoman” som er debutantar. 50 jenter bevegar seg imponerande synkront med intruktøren. Dei to jentene bakerst imponerer ingen. Etter litt fnising, er det nokon som ser strengt på oss, og me skjerpar innsatsen. Ingen skal seia at me ikkje har prøvd skikkeleg iallfall. Og me prøver verkeleg, men lenge ser det ut som om eg driv med bevegelsane som høyrer til ” Så går vi rundt om en enebærbusk”. Det er med andre ord stivt, klumsete og ganske pinleg. Heldigvis er kompanjongen min på ein like lang bærtur som meg.

Me innser at det vert vanskeleg å koordinera armbevegelsane med beinbevegelsane, og me må rett og slett improvisera. Der eg ikkje klarar å fylgja resten, dansar eg min eigen form for zumba. Eg legg merke til at også Magnhild sin zumba er annleis. Me treng nok litt meir trening, men det som er fint med zumba er at det ikkje er så nøye om du ikkje heng med på alle trinna. Her er det aller viktigaste å få rista litt laus, og det kan jo gjerast på mange ulike måtar.  

Corebar

Prosjektet held fram, og corebar står for tur. Wingwoman Magnhild treng litt meir tid til å fordøya zumbarytmane, og er difor bytta ut med Synne. Eg har vald partner med omhu, ho er med andre ord også aerobic-debutant. Eg er optimist og håpar at eg skal koma litt meir til min rett her. Me bestemmer oss for den middels tunge vekststonga, og har full fokus på skikkeleg innsats. Eg er lite nøgd med gårdagens zumba-opptreden, og satsar på å få revansj her. Det viser seg faktisk at dette er eg ganske mykje flinkare til. Heldigvis for mine medtrenande. Det går fort opp for meg at her kan konsekvensane verta store dersom eg går motsatt veg av resten. Dette kjem tydeleg fram når me skal slå med stonga til sida. Det er ikkje sikkert at du som sto på høgresida mi merka det, men det var ikkje langt ifrå at du fekk deg ein kilevink av det ubehagelege slaget.




















Utanom dette går det overraskande bra, og me har det riktig så artig begge to. Eg er ganske sikker på at både eg og mi medsamansvorne aerobic-jomfru imponerer superbloggaren Marit Anne der ho sit og evaluerer timen. Sjølvtilliten er altså på topp, og me spring med høge kneløft rett på neste time.

Bosupuls

Omstillinga frå corebar til bosupuls er ikkje så reint lita. Eg var i utgangspunktet ganske sikker på eigen balanse, men det var tydlegvis før eg hadde prøvd froskehopp på ein bosuball. Dette er utfordrande på så mange måtar, men igjenscorar me høgt på innsats. Wingwoman Synne slår tidleg fast at her må det vera lett å vrikka ankelen, og etter eitt par minutt beviser ho at det har ho heilt rett i. Me innser at bosuballen ikkje let seg temma så fort. Likevel får me litt meir kontroll på spretten utover timen, og glimtar til med gode enkeltprestasjonar på relativt lågt nivå. Dessutan kan me gle oss over at me ikkje er dei einaste som dett ned frå ballen. Me gjev oss sjølv godkjent pluss, og er nøgd med at me ser overraskande proffe ut på bileta.

Yoga

Me listar oss inn i salen, og finn oss ein plass bakerst. Det har i grunn byrja å bli ein vane. Me anar ikkje kva me går til, men tenker: kor vanskeleg kan det vera? Veldig vanskeleg viser det seg. Eg er latterleg stiv og lite bevegelig i dette selskapet, og har stor forståelse for at folk ser dumt på meg. Min omvendte v liknar meir på ei kontaktlinsa, og solhelsinga er svært mangelfull. Eg vil tippa at me er eit syn, to vestlendigar som knekker seg inn i posisjonane, omkransa av tredve yoga-veteranar som er like bevegelige som pepperkakedeig (det er eit kompliment i yoga-samanheng altså). Yoga er både tungt og utfordrande, og eg mistenker at stive nordmenn hadde hatt godt av å driva meir med dette.

Konsentrert om min eigen praksis.
Det er ikkje til å stikka under ein stol at dette var vanskeleg for ein uerfaren kropp, men det er veldig interessant og ikkje minst spennande å læra å bruka kroppen på ein litt anna måte enn det ein er mest van med. Dessutan er det nyttig å bli minna på at det finst veldig mange andre treningsformer enn løping og styrketrening. Namaste.

Pulsstep

Det er på tide å stå på eigne bein, og eg bestemmer meg for avslutta prosjektet med stil. Den ultimate aerobic-utfordringa for ein nybyrjar: pulsstep - åleina. Eg har vorte fortalt at dette skal vera relativt enkelt, sjølv for meg. I starten går det faktisk bra, og eg kjem meg gjennom oppvarminga med æra i behald. Herifrå går det berre nedover. Ein skulle ikkje tru at ein langrennsløpar har så store problem med å koordinera armar og bein i forhald til kvarandre, men det har eg altså. Tempoet til instruktøren er heile tida litt høgare enn mitt, og eg må berre kutta ut armane. Eg konsentrerer meg fullt og heilt om beina, og då går det på eit vis. Eg kikkar bort på den einaste guten i salen, og konstaterer til mi ergring at han ser ut til å ha full kontroll. Eg snublar, tek feilsteg og er i utakt. Eg fullfører, utan stil.

Det er tid for ettertanke. Kva sit eg att med etter oppdagingsferda i gruppetimar? I løpet av sju dagar har eg prøvd fem heilt nye treningsformer. Det slår meg at tilbodet famnar breidt, og her skulle vera ein gruppetime for einkvar smak. Eg ser verdien av å gå fleire gonger på same time, då har du stadig betre og betre forutsetning for å få ei effektiv treningsøkt. Så dersom du sit og lurer på om du skal prøva ut ein gruppetime; ikkje lur meir, berre gjer det! Her er det rom for alle, uansett nivå og form. Og om det skulle vera noko slags form for tvil; instruktørane hjå SiT Idrett er utruleg dyktige. Gå på ein time, så får du sjå. 
Nøgd med avslutta prosjekt, og spring avgårde til neste oppdrag.


Dersom du er nyfiken på kva som eigentleg skjer på desse timane, forutan sveitte, musikk og mykje moro, så kan du gå inn på sit.no/trening. Her finn du timebeskrivelsar for alle gruppetimane til SiT Idrett.


8 kommentarer:

  1. Skrevet med stil og en aldri så liten dose selvironi, et herlig innlegg! Pluss at jeg lærte en del nytt om SIT også. Sprøs om jeg ikke må forville meg inn i aerobic-salen jeg også :)
    Hilsen en annen spinning-veteran

    SvarSlett
  2. For et fantastisk innlegg! Det sprudler av deg, Kjersti! Modig du er, som prøver så mye forskjellig og så flott at du får presentert timetilbudet i SiT skikkelig! Jeg digger dette!

    SvarSlett
  3. Kjempeartig innlegg, Kjersti! Lo godt av bildet fra Zumba-timen, og vet jeg hadde sett minst like ukoordinert (med resten av gruppa) ut selv ;)

    SvarSlett
  4. Herlig innlegg!! Sier som Alanna, du er modig =D Hva likte du best og hva ble du stivest av?;) Skjønner at det er hardt å være N00b, men man lærer utrolig fort. Du blir hekta altså. Og de samme trinna går jo igjen i de fleste timene. Synes du skal fortsette her og teste i vei! Er jo tross alt en sh*tloads av knakende gode timer igjen på timeplana;)

    SvarSlett
  5. Vart skikkeleg støl av yoga. Den tok nesten knekken på meg ;)

    SvarSlett
  6. Fantastisk! Konge skrevet, Kjersti! Som wingwoman må jeg si at du har fremstilt oss på en svært naturtro måte. Nå er det bare å se frem til å komme seg ut igjen i det fri. (Må bare komme meg etter yogastølheten, tror ikke Adho Mukha Svanasana (les Hund) egner seg for en stiv, sliten og semipensjonert langrennsløper! Bra levert, Kjersti!

    SvarSlett
  7. Art innlegg Kjersti! :-D
    ..og som du sier, det blir mye enklere neste gang og neste gang der igjen

    SvarSlett
  8. Så kjekt at du ufarliggjør det å ikke henge med på aerobictimer! Flott innlegg, godt skrevet, og koselig å lese på nynorsk...
    Kanskje er det en god idé å gå noen (evt en) av de samme timene et par ganger til, og så skrive et nytt innlegg om hvor mye lettere det ble??

    SvarSlett