søndag 13. mai 2012

Vårens vakraste eventyr med Svorkmo NOI/IL Nor - og SiT-bloggen

SiT sine to utsendte før start. Resepsjonist Ola imponerte 
opp bakken på Besserud.
For dei som ikkje er klar over det, så er Holmenkollstafetten vårens vakraste eventyr. 40000 nordmenn var påmeldt til årets stafett, så det kan vel seiast å vera eit relativt stort idrettsarrangement. SiT-bloggen er kjend for å vera der det skjer, så difor var me såklart på plass i Oslo i helga.

Det heile er relativt enkelt; start og mål på Bislett stadion. Heile løypa er 18km lang, og den er oppdelt i 15 etappar. Her er det korte etappar, og litt lenger etappar. Oppoverbakkar og nedoverbakkar. Men dette er ein stafett som alle kan gjennomføra. Alle spring fort, og nokon spring fortare. Kjempeartig er det uansett! Eg var så heldig at eg fekk springa 14.etappe for mixlaget til Svorkmo NOI/IL Nor. Ikkje la deg skremma av klubbnamnet, dette er ein super gjeng. Dei var faktisk ikkje dårlegare enn at dei hadde med to lag i stafetten.



Aerobicdamene dukkar opp overalt. Her i eit forsøk på å
varma opp stafettløparane. 




Smått nervøs stemning før start for herrelaget til Svorkmo NOI/IL Nor.
Mixlaget tok det hakket rolegare.

Eliteklassen for damer satte i gang heile stafetten...

...like bak kom menn elite...


og til slutt kom dei resterande 40000 (alle kom ikkje med på dette bilete).

Eg sprang mine 850m på 14. etappe så fort eg klarte. 

Herrelaget i fri dressur etter vel gjennomført stafett...



...satt i system vert dei så kjekke og stramme. Dessutan slo dei til med 
ein finfin 7.plass i klassen sin. 

Mixlaget med overvekt av gutar gjorde også ein meget bra figur i stafetten.
Det osar fart av denne gjengen. 

Dersom du vil ha eit mål å trena mot, så kan du for eksempel ta med deg 14 venner, og stilla på Holmenkollstafetten til neste år. Eg kan garantera at det vert ei strålande oppleving.

Kjersti


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar