tirsdag 22. mai 2012

Opningstider og anna snadder!

Hei, du som sit og les til eksamen! Eg er sikker på at det går heilt fint, og at når det kjem til stykket så har du eigentleg ganske god kontroll. Innimellom lesinga håpar eg at du tek deg nokre timar fri, og trenar for å få litt avveksling. Det er gull verdt i desse tider.

Så er det jo slik at for studentar er alle dagar like i eksamenstida. Ein kan ikkje ta fri frå lesinga sjølv om det er pinse eller Kristi Himmelfartsdag, og treninga må jo også oppretthaldast. Dette har jo sjølvsagt SiT Idrett tenkt på, difor prøvar me å halda treningssentera ope så mykje me kan. Her har du ein nyttig oversikt over opningstider på alle tre sentera, slik at du kan planlegga dagane dine framover.

Laurdag 26.mai: kl 10.00-16.00

Sundag 27.mai: STENGT

Måndag 28.mai: kl 14.00-20.00

Så kan eg jo opplysa om at det er meldt strålande ver i Trondheim framover. Når treningsenteret er stengt, vil eg difor anbefala å ta ei treningsøkt ute, blant kvitveis og løvetann.

Dagens lille karamell er ei fin overrasking for deg som skal vera i Trondheim i heile sommar. Nytt av året er nemleg at me har ope heile ferietida. Portalen kjem til å halda ope kvar dag (utanom laurdagar) i heile sommar! Medan Gløshaugen og Dragvoll har sommarstengt frå 9.-31.juli, kan du trena på Portalen mellom 14.00 og 21.00 heile sommaren. Ei fin lita eksamensgåva frå SiT Idrett der altså. Er du interessert i endå fleire detaljar, kan du lesa alt om opningstider her http://sit.no/content/36997/.

Lukke til med lesing og eksamen alle saman! Hugs at i dei fleste tilfeller går det bra, og om ikkje så er det ikkje verdas undergang det heller. Langt derifrå :)

Kjersti










3 kommentarer:

  1. Når kommer timeplanene for juni/juli? Interessert i masse gruppetimer i sommer!

    SvarSlett
  2. Timeplanene vil bli publisert på sit.no/trening så fort de er klare! Men jeg kan garantere deg gruppetimer i hele sommer! :)

    SvarSlett
  3. Hurra! Skulle bare ønske det var timer på lørdager og søndager og, for det er de eneste fridagene mine:P Og vil gjerne legge inn ønske om at timene er litt sent på dagen, og ikke i tre-fire tiden, for det er typisk arbeidstid. 6-7 tiden hadde vært perfekt!

    SvarSlett