tirsdag 8. mai 2012

Feir 11.mai med team teach spin!


Har du lyst til å delta på ein litt annleis gruppetime? Fredag 11.mai har du sjansen til å bli med på ein team teach-time i spinning. Klokka 15.00 på Portalen kjem Elin og Sondre til å køyra ei 90 minutters sykkeløkt ilag, og du har sjansen til å bli med. To instruktørar = dobbelt så bra, dette vil du ikkje gå glipp av.

Du melder deg på som vanleg på  http://www.sit.no/booking/, og her gjeld det å vera rask. Timen er ein såkalla spin mix, her blir det med andre ord full pakka. Etter oppvarminga vert det vekselvis 10 minutt arbeidsperiode, og 4 minutt intervall. Intervall og langkøyr i ein og same time, det må jo berre bli bra.

For deg som lurar på om det vert kjempeslitsomt, så kan eg fortelja deg at det vert akkurat så slitsomt som du vil sjølv. Eg lovar at det mellom alle arbeidsperiodane vert 3 minutt aktiv pause, og at det blir musikk med masse trøkk. Dessutan kjem du til å møta to ville instruktørar som garantert får deg til å sykla til du ser styggemannen, og det er positivt i treningsforstand. Dette blir ein kanonstart på helga, så nøl ikkje med å melda deg på. Når påmeldinga opnar, sit du klar med eit lite klikk på dataen, og vips så har du sikra deg plass på ein ganske heftig sykkeltime.


Kjersti 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar