mandag 30. januar 2012

SiT-bloggen live frå NM på ski


NM-stadioen bada i sol på siste dag under meisterskapen. Det er duka for stafett.
Den siste veka har NM på ski vorte arrangert på Voss, og SiT-bloggen har sjølvsagt hatt ein utsendt for å dekka det store skistemna. Og for eit NM det har vore. Folk har fått oppleva store idrettsprestasjonar, litt mindre idrettsprestasjonar, kjente skiløparar, mindre kjente skiløparar, dårleg ver og godt ver. Likevel er det stor skigleda som best kan oppsummera meisterskapen. På NM får dei nest beste langrennsløparane i landet, bryna seg på dei aller beste. Og det gror så godt i langrennsnasjonen Noreg at verken Petter Northug eller Marit Bjørgen kunne reisa heimatt med medalje i bagasjen. Dette seier mykje om breidden som idretten har her i landet.

NM på ski starta på torsdag med 10km skøyting for kvinner, og 15km skøyting for menn. Fredag var det sprint på programmet, og det skal seiast at begge dagane baud på store utfordringa då me fekk oppleva ekte vestlandsver. Sterk vind gjorde sitt til at tunge skirenn vart endå tyngre. Heldigvis hadde løparane vore ute ein vinterdag før, så alle fann vegen til mål. Laurdag var det skiathlon, det vil seia fellesstart der ein går fyrste halvdel av løpet på klassiskski, før ein går andre halvdel på skøyteski. Dei tre fyrste dagane var bloggen sin utsendte i si eiga NM-bobla, difor vart det dårleg med dokumentering. Den siste dagne vakna bloggaren imidlertid til liv, og stafettane vart breidt dekka med hjelp av fotograf vetlebror.


Rett etter start på damestafetten. Maiken Caspersen Falla frå sprintlandslaget drar opp tempoet.



Biletserie frå fyrste bakken. Underteikna i svart dress på fyrsteetappen for IL Viljar, SiT-kollega Elise i sporet ved sida av i raud og svart dress for Overhalla.


Berit Gjelten i fint driv på sisteetappen for NTNUI. Hu og hei, hu og hei, hu og hei.

Eg heiar lagveninna mi Kjersti V. inn mot mål. IL Viljar klarte målet sitt om å verta beste lag frå Voss i stafetten. Hurra.
Så er me direkte inne frå herrestafetten. Didrik Tønseth leiar framføre landslagsløparen Kristian Tettli Rennemo og Eldar Rønning. NM på ski skal og bør vera eit arrangement for breidden i langrennssporten, og på stafetten stiller mange heltar til start. Dette gjer stafetten til den aller kjekkaste øvinga under NM




Ny helt: Sjur Røthe
Gamal helt: Kristen Skjeldal












Landslagshelt: Martin Johnsrud Sundby












Grønne heltar var også på plass. NTNUI stiller alltid sterkt på NM, og årets arrangement var ikkje noko unntak. Dei hadde løparar til start alle dagane, og på sundagens stafett var det eit damelag og to herrelag som deltok. SiT sin utsendte kunne dermed gleda seg over gode løp frå gode samarbeidspartnarar frå NTNUI.

NM er som sagt ein fest for alle som satsar hardt på langrenn, og det er ikkje tvil om at det er mange som pustar landslagsløparane i nakken. Godt er det. For min del var det kjekt med NM på heimebane, sjølv om dei store resultata ikkje vart oppnådd. Ekstra gledeleg er det å sjå så mange kjente fjes frå SiT sine treningssenter, som satsar på ski. Her var løparar frå Team NTNU, Team Trøndelag, diverse landslag og elles enkeltløparar som stadig er å sjå på treningssentera. Dersom du har lyst å lesa meir om ski-nm på Voss, kan du gå inn her: skinmvoss.no.

For SiT-bloggen på NM:

Kjersti 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar