torsdag 26. januar 2012

Rask restitusjon med smoothie

Trening og kosthald går hand i hand. For å få mest mogleg ut av treninga di, er det viktig at du har eit variert, sunt og velbalansert kosthald. Ein treng mat før trening, slik at kroppen er full av energi til økta. Under trening er det lurt å drikka godt. Vatn held lenge, sukkerhaldig drikka er ikkje naudsynt før du skal vera i aktivitet i godt over ein time. Så er ein ferdig med treninga, og ofte er matlysta dårleg. Det er ikkje uvanleg å vera litt kvalm etter ei hard trening, og mat er ikkje det fyrste ein tenker på. Pass fyrst på å drikka godt med vatn. Deretter bør det ikkje gå over 20 minutt, før du får i deg karbohydratar i ei eller anna form. Døme på raske karbohydratar kan vera banan, rosiner eller loff med syltetøy. Dersom dette ikkje fristar kan du forta deg heim og laga verdas beste smoothie. Det er enkelt, raskt, sunt og godt.






Fyrst finn du fram litt av det du har som kan passa i ein smoothie. Frosne bær/frukt, banan for søtning, litt youghurt og litt biola blir ein fin miks. Her kan du variera med ulike smakar. Tru meg, det skal mykje til for å mislukkast med dette.




Dersom du har ei slik maskin er du heldig. Eg er så heldig at mamma har ei slik. Oppi den vert det smoothie i ein fei, men det vert det garantert om du har ein anna elektrisk sak og altså.




Hell gjerne det mest flytande oppi fyrst, så slepp du at bananer og liknande klabbar seg på knivbladet.



Strø på med frosne godbitar. Her er det skogsbærblanding frå butikken, og bringebær frå torget på Voss.


Alt er kome i blenderen, og då vert det så fullt. Få gjerne hjelp av ein vaksen når du skal slå på  kjøkkenmaskina.



Dette ser då ikkje så aller verst ut, eller kva?



Hell smoothie oppi passande glas, og nyt umiddlebart. Denne er absolutt best når den er kald.


No har det forhåpentlegvis ikkje gått meir enn 20 minutt sidan du var ferdig trent, og det er berre å hella innpå med antioksidantar, vitaminar, karbohydratar og alt som godt er. Her er også mange av dine "fem om dagen". Smoothie passar også godt som sunn dessert eller frokost. Eg kan lova deg at smoothiedrikking skapar minst like god stemning som på biletet. Vel bekomme.

2 kommentarer:

  1. Og ikke spar på restene, næringsstoffene fra bærene brytes så kjapt ned at det eneste du sitter igjen med "dagen derpå" er sukkersaft...

    SvarSlett
  2. Vil gjerne tipse om sugerør. Det løftar smoothidrikking enda eit par hakk!

    SvarSlett