torsdag 12. april 2012

Vekas ansatt: Arild

Namn: Arild Hafstad

Stilling: Treningsveileder

Kor lenge har du jobba i SiT?
Har jobba i SiT i snart 3 år. Det siste året har eg jobba meir eller mindre heiltid.

Kva er arbeidsoppgåvene dine?
Alt i frå å sette opp treningsprogram til å gi råd om kosthald eller løfteteknikk. I tillegg blir det ein del vedlikehald av ulike treningsapparat.

Kva syns du er det beste med jobben din?
Det beste med jobben min er at eg får møte så mange spennande treningsinteresserte menneske. Det er og kjekt når ein får positive tilbakemeldingar om at treningsprogram/råd ein har gitt faktisk fungerer!

Kva likar du å trena?
Er vel ingen hemmelegheit at eg er glad i å løfte ting, går med andre ord mykje i styrketrening. Spelar og volleyball på førstelaget til NTNUI, så blir nokon timar volleyball i løpet av ei veke. Men det eg likar best å trene er nok sandvolleyball, ingenting som ein lang dag på sandvolleyballbana i strålande sol!

Utdanning:
Mastergrad i bevegelsesvitenskap og praktisk pedagogisk utdanning. Har i tillegg nokon studiepoeng i historie i bachelorgraden min som gjer at eg kan titulere meg lektor i idrett og historie.

Interesser:
Blir mykje trening. Elles er eg ein ivrig quizar og glad i «unyttig» kunnskap.

Beste treningslåt/musikk:
Vanskeleg å sei, men skal eg pine meg gjennom ei intervalløkt er Rammstein – Ich will eit naturleg val på siste draget.

Personleg helsing:
Sette pris på alle som tar turen innom for å slå av ein prat om trening – så om du lura på noko innan trening eller berre vil diskutere litt rundt treningsprogrammet du har laga deg – ta turen innom!

2 kommentarer: