tirsdag 24. april 2012

Løpetid!

Våren er rett rundt hjørna, og det er på høg tid å kosta støv av løpeskoa. Kanskje har du holdt steget ved like på mølla i vinter, eller kanskje du rett og slett har tatt fri frå springinga så lenge det var kvitt på bakken? No er det iallfall ikkje nokon grunn til å lata det vera lenger. Folkens, det er løpetid.

Naturleg nok vert det mindre springing om vinteren, for dei aller fleste. Så når me no startar på igjen kan det vera greit å tenka gjennom eitt par ting.

Kor gamle er joggeskoa mine? Toler dei ein sesong til, eller endå viktigare; toler beina mine ein sesong til med dei skoa? Det er nemleg ikkje slik at joggesko har evig liv. Dersom ein spring jamnt mykje gjennom ein heil sesong, så har kanskje joggeskoa alt gjort sitt. Iallfall viss dei har liggi underst i rotekottet over vinteren. Då er det nok ikkje så mykje demping att i skoa, og dempinga er viktig. Særleg dersom ein spring mest på asfalt/grus og mølla. Har du planar om å springa ein del, så vil eg anbefala å investera i gode joggesko, som passar deg og foten din. Ver smart, og gå på ein butikk der du er sikker på at dei har god kompetanse på joggesko.

For deg som verkeleg har planar om å springa mykje, så er det lurt å ha fleire skopar å velja mellom. Det er bra for beina at ein byter på skoa, dessutan er det ideelt med ulike sko til ulike underlag. Eg tel, og kjem fram til at eg har sju par joggesko i bruk om dagen. To par lettsko til konkurransar, eitt par terrengsko, to par mengdesko til grus/asfalt, og to par gå-joggesko. Dette er ikkje ei oppfordring til å kjøpa seg så mange par, men for min del er ikkje dette for mange. Eg brukar med andre ord mykje joggesko. Det som til dømes kan vera lurt for deg som trenar ein del i terrenget, og ein del på mølla, er å ha to par joggesko som du vekslar mellom. Det er sjeldan eit sjakktrekk å dra myrskoa inn på eit treningssenter, av så mange grunnar. Sju er kanskje litt mange par, men på andre sida så er kanskje eitt par litt lite.

Skal du på løpetur i ei slik steinur, er terrengsko absolutt å anbefala. Her er det
fort gjort å vrikka foten, så ver forsiktig.

Skoa er på plass, og me er klar for å setta i gang. Det er no det er lurt å vera lur. Ikkje dra på med fem løpeturar den fyrste veka, prøv heller ikkje å samla flest mogleg mil før me har runda april. Stikkordet er jamn progresjon. Me startar i det små, og så aukar me antal turar og lengde gradvis. På sikt er dette absolutt det beste, både med tanke på beina og motivasjonen. Ver flink å variera terrenget. Prøv både asfalt, sti, grus og mølla. Variasjon er viktig for å halda beina friske og lette. Dersom ein til dømes berre spring på asfalt, er ikkje vegen så lang til belastningsskadar. Knea, leggane og akillesen er svært utsatt ved løping. Ein bør verkeleg legga litt innsats i å prøva å unngå belastningsskadane. Alle som har hatt beinhinnebetennelse veit at det ikkje er så lett å bli kvitt.

Etter litt trening kan løpeturen bli som dette. Leikande lett,
som om ein spring på vatnet. Kven vil vel ikkje det?
Variasjon i alle ledd er altså nykkelen. Varier med sko, terreng og rørsleform. I starten av sesongen vil eg iallfall anbefala at ein ikkje spring kvar dag, men til dømes sper på med ein sykkeltur innimellom. Lat deg inspirera, og ta deg ein forfriskande tur i vårlufta. Ha i bakhovudet at springing er det mest effektive med tanke på både feittforbrenning, og auke av oksygenopptak. 






Kjersti


    

3 kommentarer:

  1. Flott innlegg!! :)
    Planlegger dere noe instruktørkurs i nærmeste framtid?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det. Det har vel vore diverse instruktørkurs i vinter/vår. Det er nok ikkje sikkert det vert fleire før sommaren, men følg med på sit.no/trening. Det er der det står fyrst om det skulle skje noko.

      Slett
  2. Det blir ikke noe nytt instruktørkurs før sommeren, men det planlegges nytt kurs høsten 2012 - som Kjersti skriver; når kurshelger osv. er klart annonseres det på sit.no/trening!

    SvarSlett