tirsdag 10. april 2012

På'an igjen!

Er påskeegget tomt? Treningssenteret neste...
Vel overstått påskeferie alle saman. Håpar det har vorte både sol og påskeegg på heile gjengen. Nokon har kanskje vore aktive med skiturar og trening, medan andre igjen har hatt ferie med stor F. Uansett har det vore vel unt. No er det derimot på tide å venda attende til kvardagen, utan at det nødvendigvis treng å vera noko negativt.

Eksamensperioden er rett rundt hjørna for dei fleste, og tida framover vert kanskje prega av mykje stillesitting på lesesalen. Dagane kan verta lange, og kjensla av at ein ikkje gjer noko anna enn å studera er nok velkjent for dei fleste. Då er det viktig at ein faktisk tek seg tid til eit lite avbrekk frå lesinga. Det er godt på alle måtar å koma seg på trening innimellom eksamens- og oppgåvestress. Framleis er me berre tidleg i april, og Trøndelagsfjella har endå mykje snø å by på. Kva med å intensivera lesinga i vekedagane, og så ta seg ein topptur i helga? Ein treng ikkje reisa så langt, og det er absolutt ikkje å forakta å koma attende på lesesalen med fregner på nasen. Eg føreslår Gråkallen, Ruten, Meråkerfjella, Snøhetta eller Trollheimen.

Dersom ein heil dag lesefri vert for mykje, så ta iallfall ein time fri. Det har alle tid til, og kva er vel betre enn å nytta den timen til litt fysisk fostring? Frå og med i dag er alle SiT sine treningssenter ope til vanlege tider, og frå og med 11.april startar me opp med full timeplan på gruppetreninga. Sjølv om eksamenstida kan vera altoppslukande vil eg råda alle til å ta ein tur ut av bobla minst eit par timar i løpet av ei veka. Det gjer berre godt for både motivasjon, effektivitet og konsentrasjon. Er du for sliten i hovudet til å finna på kva du skal trena, så sleng deg med på ein gruppetime. Der blir du trent av ein sprudlande instruktør, og slepp å tenka sjølv.

Uansett kva du finn på, så er all aktivitet betre enn ingen. Hugs på å trena jamnt i tida framover, så held du energinivået og humøret oppe.


Stille og roleg i styrkerommet. Her er det plass til mange trenande eksamensfolk som er lei av påskeferien. Velkomen attende til SiT Idrett!


Kjersti

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar