fredag 27. april 2012

10 gode grunnar til å delta på SiT BeneFiT

Her kjem dei harde fakta om morgondagen, nærmare bestemt laurdag 28.april:

* Det er SiT BeneFiT på Idrettsbygget Gløshaugen, det vil seia aerobicmaraton til inntekt for ei god sak. Dette er med andre ord ein innsamlingsaksjon, der alle pengane går til "Aktiv mot kreft".

* Instruktørane jobbar gratis, og som deltakar betalar du 100 kroner, eller MEIR. Her er det nemleg lov å gje så det svir!

* Dersom du ikkje alt har kjøpt deg billett, kan du skaffa deg det frå klokka 10.30 i morgon, på idrettsbygget.

* 11.30 opnar dørene, då spring du inn og finn den beste plassen i heile Armfeldtsalen.

* 12.00 startar gildet, og det blir litt av eit show. Scene, stilige ljos, musikk og tidenes samansetning av treningstrender. Her blir det litt for einkvar smak. Eg garanterer at du blir sveitt og sliten.

* Ca. 14.30 er det heile over, og du kan rusla heim med godt samvit.


SiT BeneFiT i fjor. Sjå kor aritg det er.

Så kjem mine ti grunnar til at akkurat DU skal delta på SiT BeneFiT (vilkårleg rangert):

1. Du får ei skikkeleg god treningsøkt, heile 2,5 timar.

2. Du støttar ei veldig god sak. Kreft er sannsynlegvis den sjukdommen som me alle, på ein eller anna måte, kan relatera oss til.

3. Du får litt fri frå eksamenslesinga, og du gjer i tillegg noko viktig i den tida du tek fri.

4. Når venene dine seier sånn: "Hei, bli med på x-russefest på laurdag då. Det blir heilt awsome liksom" (eg trur det er omtrent sånn ungdommen snakkar). Så seier du berre: "Beklagar, men det kan eg ikkje. Eg skal på SiT BenFiT. Då får eg trent, og støtta ei god sak samstundes". Viss venene dine då seier: "Du er passe laaam, altså", så seier du: "nei, det er ein veldig fornuftig og aritg ting å gjera på ein laurdag. Heller det enn å lata som om eg er 18 år igjen, rava rundt og urinera på offentleg plass midt på lyse dagen." Venene dine kjem til å tenka seg om to gonger, og så går de alle ilag på SiT BeneFiT. Du har med andre ord ein god unnskuldning for å sleppa å gå på x-russefesten. For å sei det sånn, kva trur du ser best ut på din sosiale cv?

5. Du får oppleva treningsgleda på høgt nivå, ilag med mange andre. Kanskje får du ekstra motivasjon til å trena gjennom eksamensperioden?

6. Du får moglegheit til å trena ilag med, og bli inspirert av mange fantastisk flinke instruktørar. Det er ikkje ofte dei er samla så mange ilag for å halda timar, det er absolutt verdt å få med seg.

7. Du får ekstremt godt samvit etterpå.

8. Du kan, framleis med godt samvit, kjøpa deg ein stor pose med laurdagsgodt etterpå.

9. Når mamma og pappa ringer på sundagskvelden, for den faste praten som de har kvar veka, kan du fortelja om at du har vore med og trent for ei god sak. Trur du dei blir stolte då, eller!?

10. Det er meldt dårleg ver i morgo, så då kan ein likså godt trena inne.

Hiv deg rundt, og bli med! Du kjem ikkje til å angra.



Kjersti

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar