mandag 16. april 2012

Randonee og gjensynsgleda i Tromsø

Kvartfinale midt i sentrum av Tromsø. Sol, spenning og spretne rumper i tights.     

Den fine topptursesongen er, som tidlegare nemnt, i full gang. Tromsø er eit eldorado for slik aktivtet, så då det vart arrangert verdscup i randonee i nordens Paris i helga, var sjølvsagt SiT-bloggen til stades. I tillegg vart det triveleg gjensyn med tidlegare SiT-kollegaer.

Randonee er enkelt forklart, topptur på ski med tidtaking. Her er det fyrstemann opp på ein fjelltopp og ned igjen. Det er med andre ord spektakulært, fartsfylt og ikkje minst knallhardt. Det vart arrangert sprintrenn midt i Tromsø sentrum, samt eit skikkeleg mjølkesyrerenn opp og ned på Blåtind. 13 ulike nasjonar stilte til start, og fantastisk aprilver skapte ei strålande ramma rundt arrangementet.

Innimellom rolla som støtteapparat på skirenn, hadde SiT-bloggen som hovudoppgåva å sosialisera med tidlegare SiT-ansatte Ingvild og Sandra, og mange andre fine folk. Det vart ei av dei helgene ein hugsar, og vel så det. Under fylgjer eit aldri så lite biletdryss.


Tromsø viste seg frå si aller beste sida denne helga, og dersom ein ynskjer seg ein topptur litt utanom det vanlege så er dette absolutt staden.



Sprintrennet i Tromsø sine gater trakk mykje publikum, og baud på fart og spenning. I løpet av den 3 min lange løypa, var det lagt inn fleire tekniske parti, som her med ski på sekk opp ei bratt skrent.
Ingvild (t.h) har lang fartstid i SiT Idrett, både som instruktør, veiledar og resepsjonist. Ho er no busatt i Tromsø, og tek gladleg i mot besøk av gamle kollegaer som tidlegare veiledar Sandra, og underteikna. Som me har kosa oss i helga. Me som jobbar i SiT Idrett vert ikkje berre kollegaer, men også veldig gode vener. Gjensynsgleda er alltid stor når me møtes igjen.

Denne karen dukka også opp på skirenn, i randomiljøet er det med andre ord plass til alle. I Tromsø brukar dei tydlegvis pålegget til det meste.
Foto: Daniel Kvalvik
Vår ven spanjolen på veg mot toppen av Blåtind. Her er det så bratt at skia må på sekken, og stegjerna på. Løparane gjekk tre stigningar på til saman 1800 høgdemeter, og måtte gjennom fleire tekniske parti på vegen. Løpet vart vunne av franske William Bon Mardion på imponerande 1 time og 32 minutt. Mange nordmenn stilte til start, men sporten er endå litt for ung her i landet til me kan dominera i toppen. Om nokre få år tippar eg at Noreg er på høgde med dei leiande nasjonane som Frankrike og Spania. Det er god plass til fleire utøvarar i det norske randoneemiljøet, særleg på jentesida. Dersom du har lyst å prøva ein idrett, så nøl ikkje med å slenga deg med denne gjengen på topptur. Dette er garantert sporten for fjellgeiter som er glad i fin natur.


Vår mann i innspurten etter å ha randoopp og randonee 1800 høgdemeter. Fotografen er full av beundring.





Eit knippe av verdas beste randoneeutøvarar er godt nøgde med at sesongen er over, men denne gjengen kjem garantert til å fortsetta å samla høgdemeter utover våren også. Randonee er kjempegod trening, om du går på tid eller ikkje. Her vert det brukt feller under skia på veg opp, så ein treng ikkje bekymra seg for ising i klisteren iallfall.

God topptur!


Kjersti

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar