tirsdag 4. juni 2013

Ukens ansatt; Trine




Navn:
 Trine Rishovd


Stilling:
 Instruktør i spinning, step og zumba, “vaskedame” i styrkerommet, og snart også resepsjonist.



Hvor lenge har du jobbet i SiT?
 


Starta i januar 2012, så 1,5 år.


Hva er arbeidsoppgavene dine?
 


Hovudoppgåva mi er å bygge opp gode gruppetimar som deltakarane har lyst å gå på igjen og igjen. Som instruktør må ein selje seg sjølv like mykje som timekonseptet, og ein kan difor ikkje møte opp sur og gretten, utan lyst til å ta i eit tak sjølv. Om det er ein step-, spinning- eller zumbatime så handlar det om å levere eit produkt til deltakaren, og difor må både musikk, trinn og instruering vere på plass frå starten, i tillegg til at timen må vere lagt opp slik at alle kan få utbytte av den. For mange er kanskje akkurat MIN time den einaste treninga dei har i løpet av veka, og kvar time skal difor vere solid. Under ein spinningtime er val av musikk veldig viktig sidan ein ikkje har like mange andre variasjonsmoglegheiter som på step og spesielt zumba - her kan ein jo leike seg med trinn og rytme i det uendelege!

Hva synes du er det beste med jobben din?
 


Miljøet i SiT er fantastisk, så mange herlige og dyktige folk! Aldri problem å få vikar til timen sin, alltid nokon å spør dersom ein treng hjelp. Med felles hovudinteresser er det lett å bli kjent, og fleire av mine næraste venner her i Trondheim har eg møtt gjennom jobben i SiT - eg har til og med funne ein som eg likar litt ekstra godt! *mihihi* ;) Ellers er det ingenting som er bedre enn når eg får positive tilbakemeldingar frå deltakarar, anten på ting om timen eller meg som instruktør. Eg er ikkje så vanskeleg å glede, men det ER fantastisk kjekt å bli sett pris på på denne måten - det gir meg ein slags “high” som eg lev lenge på! :)

Hva liker du å trene


Eg er vel i hovudsak ein såkalt O2-snappar, og veldig glad i enkel, hard trening som step, spin og jogging/løp, men også alle typar dansetimar der musikken styrer og du gløymer at det er tungt. Med åra har eg funne ut at styrketrening er kjekt det óg, difor prioriterar eg også å løfte saker og ting, anten vekter eller meg sjølv - rett nok med størst glede når eg trenar rygg og minst når eg må trene bein. Men uansett: jenter, tren styrke, både med frivekter og kroppsvekt!


Utdannelse:


Bachelor i idretts- og bevegelselsvitenskap, med pedagogikk som andrefordjuping. Straks ferdig med master i spesialpedagogikk, der eg har fått til å snike idretten inn i masteroppgåva mi, hurra!


Interesser:
 


Stort sett alt innan trening, kropp, ernæring og helse, og korleis dette heng saman. Glad i å lage mat og ete mat, imponerar stadig folk med magemålet mitt, *fnis*! :D Ellers trivst eg ute, spesielt om våren/sommaren; sitte i parken, jogge langs elva, ta med meg ein fin hund og gå tur på fjellet, i skogen, berre det å vere ute (hah, litt djup der).


Beste treningslåt/musikk:
 


Varierar VELDIG med humør og type trening, enkelte dagar kan eg springe til Coldplay og Røyksopp, mens andre dagar må eg ha type hiphop og/eller elektronisk trøkk. Eg har gjort eit forsøk på å sette opp litt forskjellig av min favorittmusikk no om dagen, noke gammalt, noke ikkje så gammalt:


Blææst, trøkk og energi: 


Skrillex - Kyoto, Prodigy (Pendulum remix) - Voodoo people, Hard Rock Sofa - Here we go, Pakito - Living on video, DMX - Where the hood at


På zumba: 

Mara - Shake it up

Chill og lugnt: 


Will Smith - Gettin jiggy with it, Coldplay - Glass of water, The XX - Intro, Patrick Watson - The great escape, Røyksopp - Røyksopp forever


Personlig hilsen


Goood sommar til alle dikka fine som ha gått på mine tima dette semesteret, håpa å sjå mange igjen i august!! :) Fortsett med gode treningsvana, anten ute eller inne. Som eg pleie å sei på time: detta e so braa! ..og til dei som fortsatt e i byen: kom innom og tren med meg ein dag, eg køyre tima stort sett i heile sommar! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar