mandag 20. februar 2012

Middagstips for folk i farta

Ved hjelp av desse ingrediensane vart det faktisk tomatsuppa.
Innimellom studiar, trening, jobb, og mykje anna er det ikkje alltid like lett å få tid til middag. Det veit eg alt om. Likevel bør ein prøva å få satt av tid til ein skikkeleg middag i løpet av dagen. Nordmenn er ikkje så gode på fleire varme måltid, men eitt om dagen må me få til. Dessutan er det jo veldig godt, iallfall dersom ein legg litt innsats i det. Så er det jo slik at dei fleste i utgangspunktet vil ha noko som er sunt, godt, billig og lettvint. Eg er og ein av dei. Difor prøvar eg meg fram med litt forsiktig kokkelering innimellom, og i dag resulterte det i heimalaga tomatsuppe med makaroni, egg og kjøttbollar. Dette passar perfekt etter trening, eventuelt før om du er ein av dei som har mage til å tole det.

Oppskrift på Kjersti si tomatsuppe:

1 lauk, finhakka
2 ms Maizena
1 boks hermetiske tomater
10 cherrytomater, finhakka
3 ms tomatpuré
1 terning grønsaksbuljong
vatn og fløyte
pepar og basilikum





Finhakk lauk og steik den i olje til den blir blank. Tilset Maizena, alle tomatene og tomatpuré. Deretter fyller du opp med passe mengde vatn og grønsaksbuljongen. Rør godt rundt, og smak til med litt fløyte, pepar og basilikum.



Så kan ein putta oppi litt av det som ein likar ilag med tomatsuppa. Her i heimen vart det pastaskruer, kjøttbollar og kokt egg.


Vips, så likna det meir på tomatlapskaus. Dersom ein likar suppa si litt meir suppete, er det berre å spe på med litt meir fløyte.


 Så må ein dekka fint på bordet, gjerne med ein romantisk vri slik som her i heimen.



Denne tomatsuppa ser kanskje meir ut som pasta bolognese, men det smakar som tomatsuppa. Godt var det og. Som variasjon kan ein jo servera suppa med grovt brød eller ein salat. Det går sjølvsagt og an å kutta ut pasta og kjøttbollar, så får ein ei reinare suppeoppleving. Rett og slett. Dette var ikkje vanskeleg. Ikkje var det veldig dyrt, og det tok 25 minutt å laga den. Dette er sunt som berre det, og både eg og min betre halvdel var einige om at smaken var fortreffeleg. Middag med godt samvit, vel bekomme.


Kjersti

5 kommentarer:

  1. Ser nydelig ut! Skal sannelig prøve - må jo være barnevennlig også detta her! Perfekt! :-D

    SvarSlett
  2. Namm! Ligner mistenkelig mye på den tomatsuppen jeg hadde til middag i dag (hvertfall før kjøttbollene og pastaen). Mitt tips: masse masse hvitløk (eller bare litt masse) i tillegg til løken. Og med nybakte grove scones blir det himmelsk! Og så romantisk <3 med roser på bordet da!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, du har heilt rett. Kvitlauk skulle det eigentleg vera i den oppskrifta eg brukte og, men eg kutta det ut denne gongen :)

      Slett
  3. KOR E HVITLØKEEEEN???!!! :)

    SvarSlett
  4. wow!! DETTA ska eg prøva! :D God stemning med roser ;)

    SvarSlett