torsdag 23. februar 2012

Klatring i DragWall

På SiT Idrett sine treningssenter finn du det meste. Mange har sikkert prøvd ut både styrkerommet, aerobicsalen og squash-hallen. Likevel er det kanskje ikkje alle som er klar over at det er ein finfin klatrevegg på Dagvoll Idrettssenter. Den går under namnet DragWall, og trekker til seg mange ivrige tindebestigarar.

Dersom du har lyst å prøva klatreveggen, er det nokre ting du bør vita om. For det fyrste må du ha gyldig treningskort hjå SiT Idrett. Dersom du har det i orden, kan du klatra så mykje du vil for 20 kroner per gong. Før du er klatreklar må du fylla ut eit skjema der du bekreftar at du kan alt som skal til for å ivareta din og andre sin sikkerheit i klatreveggen. Dersom du har bratt-kort, så slepp du sjølvsagt fylla ut dette skjemaet. Det vil seia at at hjå oss kan du faktisk klatra utan bratt-kort. Når det er sagt anbefalar eg likevel at du tek det, iallfall dersom du har planar om å klatra ein del.

For å klatra treng du eit tau, sele, brems med karabinkrok, klatresko og gjerne litt kalk. Dessutan treng du ein kompis som kan sikra deg. På Dragvoll kan du diverre ikkje leiga utstyr.


Åttetalsknuten må du ha kontroll på dersom du vil klatra.
Tindegruppa har laga nokre nyttige ordensreglar for DragWall. Les gjennom dei før du går til klatreveggen.














Slik kan det sjå ut når ein kjem til topps på Tufaveggen. Vår mann imponerer i veggen, som byr på litt overheng.

Det er heilt naudsynt å ha med seg ein kamerat, som kan sikra deg medan du klatrar.

 
Beta-banken gjev deg oversikt over veggane, og dei ulike rutene du kan klatra. Her skal det vera noko for eitt kvart ferdighetsnivå. Skulle du likevel ikkje finna ei ruta som passar deg, er det lov å bruka akkurat dei taka du vil.
Den flate veggen er fin å starta med, ikkje noko overheng. Her kjem alle seg opp.
Tufaveggen byr på litt fleire utfordringar.
 Når du står på golvet og kikkar rett opp veggen "The Nose", ser det slik ut. Spennande, utfordrande og litt skummelt. 























Dersom du skal klatra opp med tauet, klatra på led som det heiter på klatrespråket, klipper du tauet inn i slyngene du ser på bilete, etterkvart som du bevegar deg oppover veggen. Det er viktig å hugsa på, elles dett du faktisk ned. Dei ulike rutene er forøvrig merka ved at taka har forskjellige fargar. Slik kan du for eksempel klatra blå rute. På beta-banken finn du vanskelighetsgraden på den ruta du klatrar.

Klatring er ein risikosport, og her er det viktig å alltid tenka sikkerhet. Pass på at du gjer alt rett, og skulle du vera usikker er det berre å spyrja nokon andre i rommet. Ofte er det klatrepoliti til stades i DragWall. Dei har på seg raude t-skjorter, og fylgjer med på at alt går trygt føre seg. Dei kan vera til hjelp, dersom du skulle trenga assistanse.

Klatreveggen er 12 meter høg, og dersom det er ei høgde du har lyst å overvinna, anbefalar eg deg å ta ein tur til DragWall. Eit godt tips er å reisa i lag med nokon som har klatra ei stund. Då har ein moglegheit til å læra masse, i trygge omgjevnadar.

God stemning, og ikkje minst god plass i klatreveggen. Midt på dagen er det rom for fleire klatrarar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar