fredag 8. juni 2012

Pulsklokka og makspulstest

Pulsklokka er eit veldig fint hjelpemiddel i treninga di. Eg seier ikkje at det er naudsynt for å få effektiv trening, for det er det ikkje. Men dersom du har lyst å ha litt ekstra kontroll over øktene dine så kan det vera veldig kjekt. Pulsklokka hjelper deg til å styra intensiteten på øktene, og slik kan du få endå betre utbytte av treninga di. Ikkje minst kan det vera veldig god motivasjon når ein kan fylgja med på pulsen gjennom økta.

Valmoglegheitane er mange, og det fins pulsklokker i alle prisklassar. Før ein kjøper pulsklokka, kan det vera lurt å bestemma seg for kva den skal brukast til. Klokkene kjem nemleg med mange ulike funksjonar. Det kan til dømes vera kjekt med ei pulsklokka med GPS, men dersom du berre skal bruka klokka inne er det litt bortkasta. Kjøp difor ei klokka som passar til ditt aktivitetsnivå og dine behov. Eg skal ikkje koma med noko anbefaling, men merkene Polar og Garmin er av dei største innan pulsklokker. Dei har mange ulike modellar i alle prisklassar, så her er du uansett sikra ei god klokka. Ver likevel merksam på at litt pengar bør ein legga i kjøpet, så ta gjerne utgangspunkt i alt frå 500 kroner og oppover. Er du i tvil om kva du skal kjøpa, så få hjelp i butikken. Dei veit som regel kva dei snakkar om.

Når du så har gått til innkjøp av klokka er det ein ting som er kjekt å vita, sin eigen makspuls. Det er nemleg den du går utifrå når du deler inn intensitetssonane dine. Mange har sikkert høyrt på trening at ein for eksempel skal ligga på 85% av makspuls. Då må ein med andre ord vita makspulsen sin. Når du får plotta den inn på klokka di, kan du få opp kor mange % av makspuls du ligg på. Plutseleg vert det mykje enklare å trena i rett intensitet. Makspulsen kan du testa enkelt og greit på eiga hand, inne på mølla eller ute. Framgangsmåten er den same. Dette er perfekt aktivitet i sommar, når du har litt tid til overs.

Ta på pulsbelte og klokka, og varm godt opp. Jogg i minimum 15 min, pass på at du er skikkeleg varm. Så er utgangspunktet 3x3 min drag, i motbakke. Dersom du er ute må du passa på at bakken er lang nok, og bratt nok. Fyrste draget skal vera eit kontrollert drag, der du skal auka intensiteten litt etter litt. På dette draget skal du framleis ligga eit stykke frå makspuls, men vera ganske andpusten. Etter 3 min sjekkar du pulsen og ruslar roleg nedover igjen, aktiv pause i 2 min. Neste drag er det same framgangsmåte, auk intensiteten jamnt. På dette draget skal du koma endå nærmare maks. Spring hardt, men pass på at du framleis har litt meir å gå på. Sjekk puls, og så er det 2 min aktiv pause. Siste draget aukar du også litt etter litt dei fyrste 30 sek, så er det berre å gje på det ein har. Spring til du er heilt utmatta og litt til. Dette skal vera hardt, så her må ein vera skikkeleg streng med seg sjølv. Når du segnar om av utmattelse har du truleg nådd din makspuls. Alle data ligg lagra på klokka, så om du ikkje orkar sjå på klokka undervegs, så kan du finna det etterpå. Den høgast registrerte pulsen under økta, skal då i teorien vera din makspuls.

Hugs at makspuls ikkje er nokon indikasjon på form. Den er heilt individuell. Høg makspuls betyr ikkje at ein er i betre form enn ein med låg makspuls. Sjølv om det er kjekt med pulsklokka, kan det vera greit å passa på at ein ikkje gjer seg heilt avhengig av den. Ikkje fylg den slavisk, pass på å lytta til kroppen også. På nokre økter kan det til og med vera lurt å droppa klokka.

Kjersti

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar