mandag 4. juni 2012

Gladsak :)


Då kan alle gle seg over at Dragvoll Idrettssenter har opna dørene for trenande igjen. På grunn av streiken vart senteret steng førre veka, då det kunne blitt ganske utriveleg der utan vasking. No er det full fres, og det er berre å ta turen på trening. Frå og med i kveld går også timeplanen som vanleg. Alle hjarter gler seg.

Så over til neste gladsak. SiT Idrett tilbyr også i år sommarkort. I år får ein dessutan meir valuta for pengane, då Portalen held ope heile sommaren. Sommarkortet er gyldig frå 15.mai til 15.august, og kostar 450 kroner.

Kortet kan kjøpast av studentar og ansatte ved NTNU, HiST og DMMH samt ansatte i SiT.
I tillegg er dette eit tilbod til dei som studerer ved andre universitet, men som ferierer i Trondheim. Då må ein sjølvsagt visa fram gyldig studiebevis. Dersom du alt har semesterkort eller årskort, så varer dette ut juli. Her skal det med andre ord verta mogleg for dei aller fleste å trena, og det likar me.

Fortsatt god eksamenstid/sommarferie. For dei som endå har det fyrste, kan eg trøsta dykk med at det siste kjem for alle til slutt :)

Kjersti



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar