onsdag 6. juni 2012

Dagens middag: Shepherd's Pie

Etter biletet var tatt innsåg eg at dette ikkje er alle ingrediensane, men eit utval.
Travle eksamensfolk treng også middag. Dagens middagstips er Shepherd's pie. Eigentleg skal vel retten lagast med lammekjøt, men karbonadedeig eller kjøttdeig fungerer fint. Utgangspunktet er altså kjøttsaus i eldfast form, dekka med potetstappe og eventuelt ost. Det er heilt greit å variera innhaldet etter smak, meiner eg. Har du ikkje tid til å koka poteter kan du til og med laga pose-potetstappe. Ha oppi det du vil av grønnsaker i kjøttsausen, og server med god salat til. Sunt som berre det, men dette er kanskje ikkje ein typisk før-trening-middag. Den passar desto bedre etter økta. Dessutan er dette super mat når ein for eksempel skal feira at ein er ferdig med tre eksamenar, og berre har ein att. Uansett anledning, slik vart min Shepherd's pie til i dag:


Start med å laga potetstappa. Skrell, kutt og kok poteter. Dette tek ikkje lang tid, men litt tid. Har du det travelt så smeller du som sagt ihop ein ferdigpose.

Salat passar veldig godt til Shepherd´s pie. Min salat besto i dag av hjartesalat, ruccula, tomater, raud paprika, mais, agurk, sukkererter og kjærleik. Medan du lagar salaten, kokar potetene seg møre. Dei stampar du i lag med ynskja mengde smør, salt og peppar. Litt mjølk eller ein fløyteskvett må og til.

Så steiker du lauk, i dag av typen raud, ilag med kjøttdeig eller noko i den dur. Når den er godt steikt tilset du eit glas tomatpure, ein boks hermetiske tomater, ein god skvett fløyte og krydder etter smak. Lat det heile putra passeleg lenge.
Smør ei eldfast form, og fordel kjøttsausen utover. Potetstappa brer du over kjøttet, glattar den ut og avsluttar med ost på toppen.
Steik midt i omnen på ca 200 grader, til den er passe gyllen på toppen. Sidan alle ingrediensane er steikt/kokt frå før treng den sjølvsagt ikkje stå så lenge.

Dekk fint på bordet heime hjå svigermor og svigerfar, så alt er klart til dei kjem heim frå jobben.
Her er det mange poeng å henta ;)
 
Ganske så lekkert om du spør meg, knakande godt og. Bon appetit.

Kjersti

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar