onsdag 14. desember 2011

Langrennstrening

Når eg ser ut av vindauga om morgonen, og dette er synet som møter meg (sjekk bilete til høgre). Då er eg ikkje i tvil om kva eg skal. Eg skal ut på ski. Langrenn er kjempegod trening for heile kroppen, og det passar for alle. Det er ikkje naudsynt med dyrt utstyr eller perfekt teknikk. Ein treng berre ski, stavar, litt smurning, og kanskje nokre gode tips på vegen. Tipsa skal eg gje deg her og no, så unngår du forhåpentlegvis både glipptak og klabbar.
Kos deg med nokre skiturar i jola når du ikkje har tilgang på treningssenter, men pass også på å nytta moglegheiten til å gå på ski i marka i Trondheim utover vinteren. Der er det nemleg alltid skiføre...nesten iallfall. 






Klokka 09.00 torsdag 8.desember såg det slik ut i Henriksåsen i Bymarka. Det er nesten oppe ved Skistua og Studenterhytta. Viss du syns det ser fint ut, og fekk lyst å gå på ski, så er det berre å hoppa på bussen. Då tek det ikkje lang tid før du kan spenna på deg skia, og ta eit Northug-rykk om du vil. Så skal eg fortelja deg noko som ikkje alle veit; gjennom heile vinteren er det slik at, om det regnar i byen, så snør det faktisk i Bymarka. Det vil seia at sjølv om det er fritt for snø i Nordre, så er det likavel skiføre i Henriksåsen. Det er rett og slett fantastisk. No når du veit det, må du passa på å nytta deg av det og.

Mi gode veninna og SiT-kollega Elise. Ho er langrennsløpar,
og trenar masse i Bymarka. Blid og klar for nok ei økt på silkeføre.


Så over til saken si kjerna. For at du skal få mest mogleg ut av skituren din kjem her ei trinn-for-trinn oppskrift på korleis smyrja ski. Det er skikkeleg unødvendig å få ein potensielt fin skitur øydelagt av dårlege ski.  Bruk litt tid på skia på førehand, så du kan konsentrera deg fullt og heilt om treninga når du kjem ut.

Fyrst ein smugkikk i smyrjekofferten min. Her er alt eg treng + litt til.
Festevoks, klister, glider, børste, smurningsfjernar, skraper, kork osb.
Men godtfolk, du kan få fantastiske ski utan alt dette overprisa tilbehøret.

Lat oss ta det frå starten. Dersom du vil vera ekstra snill med skia dine,
så har du glider på dei når du ikkje brukar dei. Klassiskskia er delt
i tre. Frå hælen til omtrent 20 cm framføre tåa har du smøresonen.
Det er med andre ord der du legg festesmurningen. Delen av skia
framføre, og bak denne smøresonen, er glidsona. Der legg me
aldri festesmurning, men der legg me glider. Når du er ferdig med
skituren, og det er ei stund til neste tur, så fjernar du festesmurningen med
skirens. Pass på at smurningsfeltet er reint og fint, så kan du legga glider
på glidfelta. Skia skal nemleg stå med glideren på når du IKKJE brukar skia.



Glideren smeltar du på med eit smyrjejern.
Det går fint an å bruka mor sitt gamle strykejern,
men spør helst om lov fyrst. 


 Drypp på glider,og smelt den utover etterpå. Hugs at dette ikkjeskal på smøresonen. Pass på at du ikkje held jernet
i ro oppå skia, for då brenn du sålen. No kan du setta skia vekk
over sommaren, med godt samvit.


Så er vinteren her, og du tek fram skia.Då brukar du ei slik blyant-liknande
 skrape for å få vekk glideren i midtranden.


Så skrapar du av resten av glideren, med denne skrapa.
Etterpå kostar du glidfelta med ein bronsebørste,
ein slik som du ser på bilete av smyrjekofferten min.


No er du klar for å smyrja skia med festesmurning. Med desse
tre gamle travarane kjem du langt. Blå extra, multigrade og violet.
Blå extra passar fint når det er minusgrader og silkeføre, multigrade
kanl eggast utanpå dersom gradestokken kryp opp mot null, og violet
er ein vinnar på klassisk nullføre.

Bruk heilt vanleg sandpapir til å rubba opp smyrjesonen litt.
Då heng smurningen betre på. Ikkje ta for hardt i.

Her ser ein tydeleg framre glidsona, og smyrjesona på skia.

Legg så på den smurningen som passar. Det kan vera lurt
å alltid ha blå extra i botnen, så legg du eventuelt anna smurning
utanpå. Mange tynne lag er betre enn eitt tjukt.

Mellom kvart lag med smurning brukar du korken til å gni den ut.
Avslutt også med korking når du har lagt siste lag med smurning.


No er du klar til å setta i gang. Medan du går, kan du prøva å
jobba litt med teknikken. Tenk at du skal gli lenge på kvar ski.
For å få til dette må ein ha god tyngdeoverføring. Legg heile kroppsvekta
over foten, når du no trykker foten ned og sparkar i frå, har du eit godt
utgangspunkt for å få feste på skia.

Ein fin måte å få inn god tyngdeoverføring på, er å gå utan stavar.
Finn deg ei flate, og kast stavane. No kjenner du kor viktig det er å
ha heile vekta over foten for å få feste.
Drikkepause må ein ha.
God tur!
PS: dersom du syns det verka litt omfattande med alt skistellet, kan du fokusera på festesmurningen. Berre pass på å fjerna alt med jamne mellomrom, slik at du ikkje har eit altfor tjukt lag under skia. Og du, det er lov å kjøpa smyrjefrie ski.







3 kommentarer:

  1. Si meg, er det i Hoston du er fotografert? :)

    Bra innlegg igjen, mye gode tips og bra bilder (spesielt de fire siste)

    SvarSlett
  2. Te lukka med god artikkel Kjersti!
    Ryddig smyrjekoffert du har, hald fram slik!;)

    SvarSlett
  3. Åh herregud d såg fint ut d dere...!!!

    SvarSlett