fredag 9. desember 2011

Ein dag på Dragvoll Idrettssenter


Dragvoll Idrettssenter i strålande fint vinterver 08.12.11.
Har du nokon gong lurt på kva som skjer på eit treningssenter heile dagen? Eg skal lova deg at det er mykje aktivitet frå morgon til kveld, og det skjer ganske mykje meir i løpet av ein dag enn berre spinningtimar for å sei det sånn. Det er mange som legg ned mykje jobb for at det heile tida skal gå an å trena i trivelege omgjevnadar. Bli med meg ein heilt vanleg arbeidsdag på Dragvoll Idrettssenter.


Ahh...tidleg morgon på parkeringsplassen på Dragvoll. MEN kva skodar mitt auga...
Stressa studentar, professorar og eksamensvakter har parkert kvarandre inne.
Aiaiai, tre bilar på rad...her vert det ikkje lett å koma seg heim att.
Marthe er blid og opplagt som vanleg på morgonvakt.
Legg merke til kor koseleg me har det i resepsjonen, med jolatre og levande ljos.

Denne har du sikkert sett. Du hugsar vel å dra kortet ditt KVAR gong du trenar?
Då vert den som er på jobb i resepsjonen veldig glad.
 SiT Idrett har ti reglar som me håpar skal føra til triveleg trening for alle.
Ta deg tid til å lesa gjennom reglane neste gong du trenar.
Desse heng både i resepsjonen og på styrkerommet. Nyttig og god lesnad, skal eg sei deg.
På Dragvoll er me så heldige å ha ein matbar. Her er det mykje sunt og godt å velja mellom.
Marthe likar blå God Morgon-youghurt, som passar godt før trening.
Men du, viss du har skikkeleg lyst på sjokolade når du er ferdig trena, så har me det og.
Utan mat og drikka...får du ingen effekt av treninga di. Tenk litt på det.
Reinhaldar May er ein av dei som passar på at det alltid er gullande reint når du skal trena.
Reinhaldarane og vaktmester Øyvind (som sneik seg unna bilete fordi han ikkje var fin nok på håret),
gjer ein super jobb med å halda idrettssenteret i god stand.



I andre etasje skjer det saker og ting. Der oppe har nemleg sjefane kontor.
Men kva er det som skjer i dag då? Arne og Ragnhild pakkar inn jolegåver til sine kjære ansatte.
Du slette tid, kor gild gåva me får i år! Meir får eg ikkje lov å sei om den saken...
I heile desember er det eksamen i dei store hallane kvar dag.
Her får flittige studentar utløp for alt dei har lært heile semesteret.
Ein plass på dette bilete sit vår kjære Marit Anne denne torsdagen,
og skriv så blekket sprutar. Heia, heia!




God plass i styrkerommet midt på dagen i desember. Men her er aldri heilt tomt.
Nemnte eg forresten at ALLE trenar på Dragvoll? Jo då, Andreas Evensen og.
Viss du skulle vera i tvil så er han ein av verdas aller beste boksarar i klassen superfjærvekt, så det så. 

Klokka nærmar seg 15.00, og det betyr at Astri stemplar inn og Marthe stemplar ut.

Når eksamen er slutt for dagen, får dei ulike gruppene i NTNUI lov til å flytta vekk stolar og bord,
 slik at dei kan trena som vanleg. Sjølvsagt må dei rydda fint på plass når dei er ferdige,
for alt må vera klart til eksamen dagen etter.


Nu vel, tilbake til arbeidet. Slik ser det ut i veiledar-bua mi. Der er det lov å stikka innom
akkurat når du vil. Så kan me setta opp eit treningsprogram, eller berre prata litt om trening og slikt.
Dagens outfit ser de og her (det er forøvrig det same kvar dag). Blå fleece og blå t-skjorta under, begge med SiT-logo.
Då er det lett for alle å sjå at eg er på jobb, og at det er fritt fram til å ta kontakt.





Viss du lurar på kva eg jobbar så ivrig med på dataen, så kan eg fortelja deg at det er exor.
Eller exercise organiser, og på det programmet kan veiledarane skreddarsy eit treningsprogram til akkurat deg.






Så lenge det er eksamen på idrettssenteret, køyrer me berre gruppetimar på kvelden.
Då slepp dei som strevar med norrøn grammatikk og biomekanikk i hallen,
å bli forstyrra av at nokon syklar som galningar til denne musikken: "...jag känner en bot, hon heter Anna..."
Men på kveldstid held ikkje spinninginstruktør Gunn noko tilbake. 


Stille og roleg i klatreveggen i desse eksamenstider.
 Så går det mot kveld på treningssenteret, og me ynskjer velkomen attende i morgo.

Visste du:

- at det er over 12000 medlemmar i SiT Idrett?
- at Dragvoll idrettssenter er ope frå 07.30-22.00 kvar vekedag?
- at dette semesteret har det vore 51 gruppetimar i veka på Dragvoll?
- at det er over 50 deltidsansatte som jobbar som instruktørar, resepsjonistar og veiledarar ved SiT Idrett?
- at det til saman kan vera opp mot 2000 trenande innom Dragvoll og Gløshaugen på ein dag?
- at det er ekstremt mange, og at det ikkje er rart at det litt slitasje på løftebelter og tredemøller?
- at SiT Idrett heile tida jobbar for at treningstilbodet skal vera så bra som mogleg?
- at det snart er jol, men at Dragvoll og Portalen likavel skal vera ope nokre dagar i ferien?
- at me alltid må passa på å ikkje parkera tre bilar på rekka, for det vert så mykje bråk dersom den som står i midten skal heim fyrst.



3 kommentarer:

  1. Høyeste besøksantall jeg har sett har vært 3043 på Gløshaugen og Dragvoll til sammen. Ikke så aller verst det :)

    SvarSlett
  2. No er jo dette blitt ein artig blogg å følgje. Skal du fortsette med ansvaret for han etter jol også?

    God jol :-)

    SvarSlett
  3. Fint å se at Kjersti trekker nye lesere! ;) Det er gode muligheter for at Kjersti fortsetter etter jul - kanskje et samarbeid der vi begge skriver på bloggen.

    SvarSlett