torsdag 6. oktober 2011

Ukens ansatt: Silje L

Namn: Silje Drabløs Lødøen

Stilling: Aerobic- og corebarinstruktør.

Kor lenge har du jobba i SiT?
Eg byrja i august og stortrivst!

Kva er arbeidsoppgåvene dine?
Som instruktør har eg to treningstimar i veka: Corebar på Portalen måndagar kl 2000 og step/pump på Gløshaugen onsdagar kl 0830.
Eg ser på det som mi oppgåve at alle som kjem på mine timar skal ha mulighet til å bli ordentlig sliten. For å få til dette gir eg alternativ som gjer at folk kan velje sitt eiget nivå. Som intruktør prøver eg også å presse folk til å gi det lille ekstra slik at dei kan vere nøgd med eigen innsats når dei forlet salen. I tillegg er det sjølvsagt viktig å ha det gøy på trening, så eg gjer mitt beste for at alle skal oppnå det.

Kva syns du er det beste med jobben?
Først og fremst vil eg berre få sagt at eg føler meg utrulig heldig som får jobbe som instruktør! Det er den kjekkaste jobben eg kunne hatt. Eg blir alltid glad av å sjå når folk gir alt på timen min, og tek seg heilt ut. Det er også kjekt når folk kjem med tilbakemeldinger og spørsmål etter timen, slik at eg blir utfordra til å forbedre opplegget mitt. Eg trur dessutan ikkje eg kan bli lei av å høyre at timen min, og musikken eg har brukt fleire timar på å velje ut, er bra.

Kva liker du å trene?
Det kjekkaste er å gå på saltimar. Eg har aldri vore særskild glad i å jogge, og syns det var fantastisk å kome til Trondheim og oppdage saltimar.
Eg syns det aller kjekkaste er å gå på gode step/pump-timer, så er svært nøgd med å få instruere i nettopp dette. I tillegg oppdaga eg corebar i vår og syns det er ein artig og god treningsmetode.
Tidligare i haust vart eg også drege med på dansstep og syns det er utrulig artig! Sjølv om eg aldri har vore noko dansar.
Utdanning:
Eg har tidlegare fullført eit årsstudium i matematikk, og går no 3. året på lektorutdanning i realfag på gløshaugen, der eg etterkvart skal skrive masteroppgåve i biologi.
Interesser:
Dagane gjeng stort sett i skule og trening, men bortsett frå det synes eg det er deilig å lene seg tilbake i sofaen/godstolen og leite fram spøtet (strikkeutstyret), helst saman med gode vener.
Eit godt måltid, som etter mi meining må innehalde dessert, saman med sambuaren er også noko eg set høgt på lista.
Personleg helsing:
Prøv saltimar i SiT! Vi har mange gode intruktørar som jobbar hardt med å lage gode program. Prøv litt forskjellig og finn dei instruktørane og timane du likar best. Det nye og flotte treningssenteret på Solsiden er jo også en god grunn til å hive seg med. Ikkje ver redd for å stille instruktøren spørsmål etter timen eller gi tilbakemeldingar. Eg kan så klart ikkje snakke for alle instruktørar i SiT, men personleg synes eg at det er veldig artig når folk kjem for å prate med meg etter timen.
Håper å sjå deg på ein av mine timar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar