Navn: Kjersti Solvoll Bakketun
Stilling:
Treningsveiledar
Kvor lenge har du jobba i SiT?
Eg starta som instruktør i styrketrening januar 2005, og på dei sju åra som har gått har eg vore både spinninginstruktør og resepsjonist.
Kva er
arbeidsoppgåvene dine?
Som veiledar skal eg fyrst og fremst hjelpa kundar med å setta opp treningsprogram, gje råd og tips om trening, samt hjelpa dei som ynskjer sikring og tekknikkveileding medan dei trenar. I tillegg inngår det i jobben som veiledar å vedlikehalda og vaska treningsapparat.
Kva syns du er det beste med jobben
din?
For det fyrste er det veldig kjekt at mange kjem til veileding. Om dei har bestilt time, eller berre kjem innom for eit raskt spørsmål, så frydar det meg at folk er nysgjerrige og er villige til å søka hjelp for å verta bedre. Det er også tilfredsstillande å sjå at folk vert motivert etter veiledinga, og at dei har lært noko som dei tek med seg vidare.
Kva likar du å
trene?
Som langrennsløpar trivst eg aller best ute på ski, og brukar dei aller fleste treningstimane mine i marka. Når det ikkje er snø vert det mykje springing i myra, og elles rulleski. Så hender det rett som det er at eg tek meg ei styrkeøkt hjå SiT Idrett. Utanom langrennstreninga er eg glad i å klatra, men det vert altfor sjeldan tid til det. Elles er eg veldig glad i å gå på topptur, og har såvidt byrja å trena litt på randoneeski.
Utdannelse:
Master i allmen litteraturvitskap og bachelor i bevegelses- og idrettsvitskap frå NTNU.
Interesser:
Langrenn og sport generelt er naturleg nok store interessar. Eg er også veldig glad i litteratur, både å lesa og skriva sjølv. Dessutan er eg fantastisk glad i god musikk, og likar å gå på konsertar og teater.
Beste
treningslåter:
The Killers - "All these things that I've done", Kaizers Orchestra - "Sigøynerblod".
Personleg helsing:
Bruk treningsveiledarane. Me er der for å hjelpa og svara på spørsmål, og vert veldig glad når trenande stikk innom bua. Kan henda du får nokon nyttige råd og. I tillegg vil eg tipsa om at det er veldig fin vinter i Bymarka om dagen. Dropp gjerne styrketreninga eller aerobicen ein dag til fordel for ein skitur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar