Navn: Trine Rishovd
Stilling: Instruktør, har kun spin dette semesteret
Hvor lenge har du jobbet i SiT?
Eg starta i SiT rett etter nyttår, men har vore instruktør i fleire år.
Hva er arbeidsoppgavene dine?
Ein viktig del av jobben som
spininstruktør er å motivere deltakarane til å få opp pulsen og utfordre
seg sjølv. Både musikk, oppbygginga av programmet og motivering
undervegs i timen spelar ei viktig rolle her. Ellers svarar eg på
spørsmål frå deltakarar om alt frå sykkelsko til andre timar i SiT.
Hva synes du er det beste med jobben din?
Det beste med å vere
instruktør er når ein deltakar, heilt gjennomvåt av sveitte, kjem bort
etter timen og seier ”bra time, eg kjem igjen neste gong også!” med eit
stort (slitent) smil. DET smeltar eit instruktørhjerte
Hva liker du å trene?
Eg er veldig glad i gruppetimar og her er spin,
ulike typar step og dansinspirerte timar favorittane. Det går også ein
del i styrketrening både med og utan vekter, i tillegg til joggeturar
dersom leggane mine vel å spele på mitt lag. Turar i fjellet er ein
storfavoritt om sommaren!
Utdannelse:
Har bachelor i idretts- og bevegelsesvitenskap og pedagogikk, og held no på med master i spesialpedagogikk.
Interesser:
Trening og bevegelse, venneskravling, og lage god mat (..og
ete den etterpå). Kan godt tenke meg å reise meir enn eg har gjort, det
er så mykje ein skulle sett og opplevd! Blir lett fascinert av spesiell
natur og dyreliv, slik som nebbdyr og sjøkuer.
Beste
treningslåt/musikk:
No for tida er Muse – Map of the problematique,
Nickelback – Burn it to the ground og Pendulum – The vulture veldig
innafor hjå meg. Elles kan alltid David Guetta få bli med på laget.
Personlig hilsen:
Gruppetimeutvalet i SiT er meeeget bra,
og eg meinar alle kan finne ein type time dei føler passar seg. Prøv
ulike ting, finn ut kva du likar og det du føler du får utbytte av.
Trening gjer godt for meir enn sjølve kroppen, berre kjenn på
endorfinrusen og humøret etter du har gjennomført ei god økt ☺
..og jenter, det er ikkje flaut å bli sveitt!!
".. og jenter, det er ikkje flaut å bli sveitt!!" Det er heller ikke flaut å puste så sidemann/kvinne hører det :D
SvarSlettHeilt sant, Anneli ;)
Slett