mandag 15. oktober 2012

Ukens ansatt: Christine


Navn:
Christine Høyvik

Stilling:
Gruppetreningsinstruktør


Hvor lenge har du jobbet i SiT?
Har jobba i SiT sidan i januar i 2011.

Hva er arbeidsoppgavene dine?
Dette semesteret har eg litt forskjellige timar. Men arbeidsoppgåvene mine ligg i å legge opp timane mine slik at folk får trent bra. Eg er ein stor tilhenger av effektiv trening, og eg prøver derfor å velge øvelser som er enkle å få til, men som er gjennomtenkte og som gir god treningseffekt. Ikkje minst er ein stor del av oppgåva å få folk til å ha lyst å komme på trening, samt å yte maks når dei først er der.

Hva synes du er det beste med jobben din?
Det er utruleg gøy å få møte så mange blide og treningsglade studentar. Eg har alltid synes det er gøy å trene sammen med mange andre, så då er jo gruppetrening perfekt!!

Hva liker du å trene?
Eg er jo sjølvsagt veldig glad i gruppetreningstimar, er jo ein grunn til at eg har valgt å ha den jobben eg har. Ellers prøver eg å trene variert. Eg har drive med roing sidan eg starta på universitetet, og det utvilsomt det eg liker aller best. Det er kjempegøy, knallhardt og sosialt. I tillegg synes eg at løping er fantastisk trening - enkelt, ukomplisert og lett å få til uansett kvar du er. Skaffa meg ein landeveissykkel i vår, og synes det er veldig bra trening . Er ein flott måte å komme seg ut på! 

Utdannelse:
Eg blei ferdig med profesjonsstudiet i medisin no i vår, og jobber no som lege på St.Olavs, i tillegg til at eg har timar i SiT. Perfekt kombinasjon! Men starter i turnus i februar i Ålesund, så dette er dessverre mitt siste semester i SiT. Veldig trist!

Interesser:
Mykje som eg synes er gøy, men det går vel for det meste i jobb og trening. ;)

Beste treningslåt/musikk:
Åh, det finnes så mykje bra!! Ein song eg nettopp "re-oppdaga" er Sum 41 med Still Waiting. Topp treningssang!

Personlig hilsen:
Nyt livet som student! Og husk å få til litt trening i kvardagen, sjølv i eksamensperiodene. Ingenting som er bedre for kropp og sjel enn å få i gang blodsirkulasjonen. :D

PS: Om du ikkje har prøvd deg på kickoff før, så anbefaler eg det! Det er ein slag og spark-time som er lagt opp som ein vanlig pulstime, dvs enkelt, men hardt! Ingenting som er betre enn å slå ut litt innebygd aggresjon. ;)

Håper vi sjåast i aerobicsalen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar