tirsdag 6. mars 2012

Nei til doping!

Har du lyst til å sjå ut som denne karen? Det er ikkje å anbefala...
Den siste tida har det vist seg at doping på treningssenter er i "vinden" som aldri før. Slikt vil me ikkja ha noko av hjå SiT Idrett. Difor er me underlagt antidopingprogrammet "Rent senter".

I haust gjennomgjekk alle treningsveilederane hjå SiT Idrett eit e-læringsprogram i regi av Antidoping Norge. Gjennom programmet fekk me tileigna oss kunnskap om psykiske og fysiske biverknadar ved dopingbruk. Dette er heilt sentralt for å kunne avsløra brukarar, samt å kunne gje riktig informasjon til dei som har spørsmål kring doping. For oss var det viktig med ei bevisstgjering av temaet, slik at me som jobbar her kan vidareformidla sunne haldningar og syna nulltoleranse til doping.

Når du trenar på SiT Idrett sine treningssenter, er du underlagt våre reglar. Det vil seia at du forpliktar deg til å ikkje bruka dopingmidlar som framkjem på særskild dopinglista. Du er kjent med at lista til eikvar tid er å finna på www.rentsenter.no.

Dersom me mistenker at nokon av våre trenande nyttar dopingmidlar, vil dei verta innkalla til ein samtale. Det vil bli førelagt ein avtale om dopingkontroll som forpliktar deg til å avgje dopingprøve medan du befinn deg i våre lokale. Dersom du ikkje samarbeider, vert kundeforhaldet heva. Her er det med andre ord nulltoleranse når det gjeld doping.

I dei fleste romma på våre treningssenter finn du dette oppslaget på veggen.
Doping vert særleg nytta i styrketrening for betre prestasjon, for større og meir markerte musklar. Bruk av dopingmidlar er ein stor risiko for utøvaren si psykiske og fysiske helsa. Dopingmidlar utgjer ein trussel mot treningsmiljøet, og vert sett på som lite gunstig i oppnåelse av ein helsefremjande effekt og eit sunt treningsmiljø.

Dersom du ikkje trur meg når eg seier at doping er skadeleg, så kan du ta ein kikk på lista over nokre av konsekvensane ved bruk av anabole steroider:

- hjarte- og karsjukdommar
- skadar på senar og senefeste
- kviser og tap av hår
- menn kan utvikla bryster, og testiklane vert mindre
- kvinner får eit maskulint utsjåande med mykje kroppshår
- begge kjønn risikerer sterilitet
- angst, humørsvingingar
- auka bruk av vald
- depresjon

Dagens visdomsord: Ver rein og stå i mot, så slepp du bli sett på som ein idiot.



Kjelder: www.antidoping.no


Kjersti












3 kommentarer:

  1. Hahaha, likte rimingen på slutten der. :-D

    SvarSlett
  2. Synd du ikke få adressert doping blant jenter. Bol og muskler er bare en del av problemet. Mye dumt som jenter finner på for å nå målsetninger om lav fettprosent eller brunfarge...

    SvarSlett
  3. Dette innlegget bør redigeres eller fjernes helt da det oser av så mye uvitenhet og lite kunnskap rundt dette emnet at det er flaut for den som har skrevet det. Om man ønsker å bli tatt seriøst i andre innlegg eller ha en karriere innen trening bør dette modereres kraftig.

    SvarSlett