fredag 16. desember 2011

Treningstips til jolaferien

Jolaftan på Voss i 2010. Herjing i snøen kan anbefalast som mosjonsform.
Det nærmar seg jol med stormskritt, og ein kan endeleg pusta ut etter eit hardt semester og ei altfor lang eksamenstid. Vart det litt travelt dei siste vekene, slik at treninga måtte prioriterast vekk? Tru meg, du er ikkje åleina. No står ferien for døra, og ein har endeleg tid til å trena utan å ha dårleg samvit for at ein eigentleg skulle ha lest pensum. Kva skal ein så trena? Kanskje er du ein av dei som likar deg best i styrkerommet eller på aerobictimar, men som ikkje har tilgang på treningssenter der du ferierer. Eg kan beroliga deg med at du likavel har mange moglegheiter til å få trena. Gjer det beste ut av situasjonen der du er, om det er i byen, skogen, syden eller på fjellet. Dersom du held formen ved like i ferien, slepp du å byrja på igjen med treninga i januar. Kontinuitet i treninga er eit viktig stikkord, folkens. Dessutan smakar jolamaten endå betre etter ei treningsøkt. Difor vil eg no, med hjelp av tre førjolstrenande på Dragvoll, dela nokre ferie-treningstips med deg.




Treningsveiledar Arild tek seg ein god sup vatn. Han anbefalar styrketrening med di eiga kroppsvekt til belastning. Øvelsar som armhevingar, kroppshev og liknande kan alle få til ein plass i huset til far og mor, hevdar Arild. Det er iallfall det eg trenar i jola, seier bamsen frå Førde, som planlegg å erstatta ein del av musklane med ribbefeitt i jola. I rein lågkarbo-stil. 





Yogainstruktør Carl Anders stikk innom Dragvoll for å henta jolapakko si frå sjefen. Han har tid til ein liten prat før han køyrer heim til jol. Eg startar kvar dag med solhelsinga, det burde alle gjera, seier han. Elles vert det stort sett yoga for min del, seier han. Noko som kan vera ein fin aktivitet etter alt jolastresset. Det er kanskje ikkje så dumt med litt anerkjennelse til sola i desse dagar, sidan den er i ferd med å snu. Me helsar den velkomen attende. 



Thomas er ein flittig brukar av styrkerommet på Dragvoll, og snik seg ikkje unna treninga sjølv om det er jol. Han anbefalar folk å nytta ferien til å koma seg ut i skog og mark, anten det er på ski eller beina. Sjølv er han glad i å bruka sykkelen, også om vinteren. Men pass deg på isen, formanar han.


I tillegg til dette kan du til dømes:

- jogga, kanskje til og med ha ei intervalløkt. 4x4min er fort gjort altså.
- Gå topptur på ski, og laga fine svingar i snøen på veg nedatt.
- Rett og slett gå ein tur på beina. Viss du spør mor di, vert ho garantert med.
- Aketur. Trekk med deg kjelken opp på toppen av ein bakke, ak ned igjen. Hald fram til du er utsliten.
- Ta med deg ein nevø eller eit lite søskenbarn i pulk eller bæremeis, og legg ut på vandring. Stopp av og til for å ta nokre sett med knebøy, sidan du likavel har vekt på ryggen. Viss du ikkje har tilgang på unge, kan du ta nokre vassflasker i sekken, eller trekka eit dekk bak deg.
- Basisstyrke. Alt du treng er eit golv med teppe. Køyr gjennom alle styrkeøvelsane som du kjem på. Litt inspirasjon får du om du klikkar her: http://treningisit.blogspot.com/2011/12/basisstyrke.html
- Ta med deg skøytene, og finn eitt tilfrose vatn. Pass på at isen er tjukk nok. Kva med ein hockeykamp med heile familien?
- 4x "Så går vi rundt om en enebærbusk".
- Finn fram den gamle sparken. Drøym deg attende til barndomstida, medan du susar avgarde.
- Gå jolabukk til naboane. I staden for å synga, tek du 15 armhevingar.
- Ber ved, gjerne masse om gongen.
- Måk snø medan nokon tek tida på deg.

Lukke til med ferietrening. Eg ynskjer dykk alle ei triveleg og aktiv jolafeiring. Sjølv skal eg gjera som gjengen under; gå på ski.

God jol, og godt nytt år.






8 kommentarer:

  1. I'm really impressed with your writing skills as well as with the layout on your weblog. Is this a paid theme or did you modify it yourself? Anyway keep up the excellent quality writing, it is rare to see a nice blog like this one these days.

    My site; youth baseball players

    SvarSlett
  2. I am really enjoying the theme/design of your web site. Do you ever run into any web browser compatibility issues?
    A couple of my blog visitors have complained about my blog not
    operating correctly in Explorer but looks great in Opera.

    Do you have any tips to help fix this problem?


    My homepage outward hound

    SvarSlett
  3. Link exchange is nothing else but it is only placing the other person's weblog link on your page at proper place and other person will also do same in favor of you.

    Also visit my weblog; garbage disposal disposer insinkerator installation

    SvarSlett
  4. At this time I am going away to do my breakfast, later
    than having my breakfast coming over again to read other news.


    Take a look at my site: outward hound backpack pet carrier

    SvarSlett
  5. We're a group of volunteers and opening a new scheme in our community. Your website offered us with valuable info to work on. You've
    done an impressive job and our whole community will be grateful to you.


    Also visit my weblog: major league baseball

    SvarSlett
  6. Every weekend i used to visit this website, for
    the reason that i want enjoyment, since this this site conations genuinely nice funny stuff too.


    My blog post hand pruners

    SvarSlett
  7. Hi, all is going fine here and ofcourse every one is sharing
    facts, that's genuinely excellent, keep up writing.

    My website ... anti snoring chin strap

    SvarSlett
  8. Hi, all is going fine here and ofcourse every one is sharing facts, that's genuinely excellent, keep up writing.

    Feel free to surf to my blog: anti snoring chin strap

    SvarSlett